Stress. Eller moro, som studentar kallar det.
Først må du søke. Så må du komme inn. Du må flytte, men først finne bustad. Så skal du finne dei rette bygningane, treffe dei rette folka, gå på dei rette festane. Kanskje bruke dei rette kleda, meine dei riktige tinga og lytte til den riktige musikken?
Du skal melde deg opp til eksamenar, du skal godkjenne utdanningsplanar. Må kjøpe pensum, må finne Studia - kvar var Studentsenteret, sa du? Har ikkje pengar til å kjøpe bøker, har gløymt å returnere gjeldsbrevet til Lånekassa. Eller gløymt å søke.
Du skal komme deg på dei rette forelesningane, på rett stad, til rett tid. Og halde deg vaken gjennom dei. Du skal gå på på lesesalen, minst fire gongar i veka. Eller i alle fall to. Du skal bestå eksamen, år etter år. Gjerne få gode karakterar òg. Deretter skaffe jobb. Ein relevant ein, helst. Så då må du søke. Og så få jobben. Du må flytte, men først finne bustad…
Til hausten startar mange denne herlege, stressande og spennande reisa gjennom studentlivet. Sjølv opplevde eg mi første tid som student omtrent slik - kaotisk! Alt skjer, på altfor kort tid. Men gud, så kjekt det er, og brått er det over. Eg trur eg skal søke jobb som evig student.

Legg igjen et svar