Utveksling?

No nærmer det seg siste frist for UiB-studenter som vil søke om å studere i utlandet neste haust, og nokre frister er allerede gått ut. Å ta deler av bachelor- eller mastergrad i utlandet er populært, og det blir lagt vekt på at det er nyttig for studentane å ta eit semester ved eit universitet i eit anna land. Sjølv har eg lenge visst at eg vil til utlandet for å studere. Egentlig var planen å ta eit utvekslingsår i andre år av vidaregåande, men det gjorde eg ikkje, og det angrer eg framleis på. Min neste plan for å få realisert drømmen om utenlandsstudier, var å reise med ein kamerat frå vidaregåande, og ta heile bachelorgraden i enten Australia eller England. Det einaste som hindra oss i å reise rett etter vidaregåande, var at han allerede hadde fått plass på folkehøgskule. Eg søkte difor på årsstudium i psykologi ved UiB, med plan om å reise til utlandet etter å ha fullført dette.

Dersom alt hadde gått etter planen, hadde me reist hausten 2007. Som de kanskje forstår, skjedde det ikkje. Kvifor? For det første likte eg meg veldig godt i Bergen, og som student ved UiB. For det andre, oppdaga eg fort at UiB har mange bra avtaler om utveksling med mange forskjellige universitet i Europa og resten av verda. Eg fant ut at for meg var dette eit mykje bedre alternativ, og ikkje minst mykje billigare. Mange av bachelorprogramma ved universitetet legg opp til at elevane skal kunne ta eit semester eller eit heilt år av graden i utlandet, noko eg personlig synast er utrulig bra.

Då tida var inne for meg å velge studiestad og bachelorgrad i fjor, falt valget på Bachelor i USA-studier. Ein av grunnane til at eg valgte nettopp USA-studier, var at programmet la opp til at studentane skal kunne ta eit semester som utvekslingsstudent i USA. Ettersom eg er veldig glad i det engelske språket, og i tillegg er svært interessert i USA som nasjon, har ønsket om å reise til USA alltid vore stort.

Om litt under eit år, må eg ha søknaden klar. Så langt, har eg bestemt meg for å søke på University of Oregon og University of California - Berkley, sjølv om eg sikkert kjem til å finne fleire interessante universitet.

Ein ting er i alle fall sikkert: Eg gleder meg som ein unge til utvekslingen!

Kommentarer er stengt.