“Music Makes The People Come Together”
Eg skal fortsette promoteringen av Bergen i dette innlegget, ved å snakke om Bergen som musikk-by. (Men før musikk-elskaren i meg slepp til, vil eg berre seie dette : SK BRANN, BERGENS STOLTHET!)
Tidlegare, då eg var ung og uvitande, trudde eg at ein måtte reise til Oslo for å sjå dei store internasjonale artistane og bandene spele live. Dersom favorittbandet skal innom Norge på turné, er jo sjansane store for at det nettopp er i hovudstaden dei stopper for å spele. Sjølv har eg vore på opp til fleire konsertar i både Spektrum, Valhall, og på Valle Hovin, og dette er jo ideelle plassar å ha konsert for flest mulig folk. Ei stund var eg sint og frustrert over at eg ikkje budde i Oslo: Hadde eg budd der kunne eg jo vore på alle mulige konserter med alle favorittbandene mine!
No har derimot Bergen henta seg rimelig bra opp dei siste åra, og mange store internasjonale band og artistar tar turen innom denne fantastiske byen, og Koengen er blitt flittig brukt til konserter. For å nevne nokre: Elton John, Black Sabbath, The Rolling Stones, Deep Purple, Roger Waters, Pink, Travis, Bryan Adams, David Bowie, Amy Winehouse, you name it! Og som om ikkje denne lista skulle understreke poenget mitt godt nok, kan eg legge til, for dei som ikkje allerede har fått det med seg, at R.E.M kjem til Bergen i 2008 (Jubel!), i tillegg til Foo Fighters (Vill jubel!), og sist, men ikkje minst, krona på verket: METALLICA! (Ellevill jubel!)

Heldig som eg var, klarte eg å klore til meg billetter til Metallica-konserten i Juli rett før dei var utsolgt, og eg kan ikkje seie anna enn at eg gleder meg som ein unge! Eg har vore på konsert på Koengen før, og stemningen var heilt utrulig.
Dersom ikkje lista over artister som har vore i Bergen og kjem til Bergen dette året (som for øvrig garantert blir lengre snart) er motivasjon nok til å bu i Bergen, så veit ikkje eg. Sjølv er eg glad eg innsåg at eg ikkje måtte til Oslo for å få oppleve mine favorittband, før det var for seint.
