Home, Sweet Home.
Vinteren er her, og eg, for min del, har fått merke dette på kroppen. Dessverre er ikkje me studenter immun mot alle styggedommene vinteren tar med seg når den er på besøk, og med styggedommer meiner eg sjukdom. Men etter eit par veker med sjukdom (og uten internett), er eg atter ein gong klar for å presentere studielivet for lesarane av denne bloggen!
I dette innlegget syns eg det passer seg å gi ein tour av staden eg har holdt meg i tida eg har vore sjuk; ein plass der intens lesing, mange timer soving, og høgt inntak av varm drikke har gått for seg: Hybelen min på Gyldenpris.


Då eg skulle begynne å studere i Bergen, var eg veldig spent på kor eg kom til å bu. Nokre av venninnene mine avtalte å leite etter leilighet saman, nokre leigde hybelleiligheter hos privatpersoner, og nokre flytta inn i kollektiv med folk dei ikkje kjende frå før av. Eg, for min del, falt fort for Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) sine hybel-bygg, som tilbyr både hybel i mindre kollektiv og egne hybelleiligheter. Som student rett frå vidaregåande, var eg heldig å få førstevalget mitt: Hybelleilighet i SiB sin studentbolig på Gyldenpris, ein veldig sentral hybel, med andre ord.


På Gyldenpris bur eg aleine (riktignok bur broren min 4 etasjer under meg, noko som er veldig praktisk, dersom ein er sengeliggande, kjøpeskapet er tomt, og ein ikkje har ork til å gå på butikken). Eg har eget bad og kjøkken, og koser med meg i min 18-kvadrat-store leilighet. Nokre vil kanskje tru at det blir ganske ensomt å bu aleine, og sjølv om eg må innrømme at eg føler eg går på veggane innimellom, kanskje spesielt i tida når folk driv med eksamenslesing, kan eg ikkje sei anna enn at eg elsker å bu for meg sjølv. Dessuten blir det arrangert sosiale sammenkomster for dei som har behov for sosial kontakt med naboer, alt frå husfest til vaffelkveld.
For å sjekke ut SiB sine hybler, trykk her.

Ser veldig koselig ut, dette.
Håper jeg får en hybel på Gyldenpris (og så klart studieplass på Europastudier) til høsten.
Me krysser fingrene for begge deler =)
Lykke til!