Arrivederci!
No er eksamensperioden i full gang! Mange studenter har allerede hatt eksamen; eg hadde min første eksamen forrige veke, og har min siste dette semesteret på torsdag. Eg er svært spent på korleis det går, med tanke på at dette er første semesteret med Amerikansk Politikk og Amerikansk Historie som fag, med andre ord er det første gong det blir gitt eksamen i faga. Eg føler sjølv at eg har begynt å få bra kontroll, så det er vel det viktigaste.
No som russetida er over for dei av lesarane som går siste året på vidaregåande, nærmer det seg vel eksamen for dykk også. Eg vil difor gi eit tips til alle lesarane som skal ha eksamen, eit tips eg har fått frå fleire seminarledere i den tida eg har studert ved Universitetet, om korleis ein overlever all lesing og pugging i forkant av den store dagen: Vær flinke til å KOBLE AV med jevne mellomrom!
For nokre vil koble av bety at ein sitt seg ned foran TVen etter ein lang dag på lesesal med chipsposen i fanget og ein god film i DVD-spelaren. For andre kan ein tur på kafé med venner være meir effektivt. For meg, fungerer spinning best! I mine auger, fins det nemlig ikkje ein bedre følelse enn å ta meg skikkelig ut i spinningsalen på SiB sitt treningssenter i Vektertorget etter mangfoldige timer på lesesal. Det gjer at eg kvitter meg med all rastlaushet som buldrer på inni meg når eg sitt der og les, i tillegg til at det holder eg meg i form, og det er jo ein stor bonus!
Til slutt vil eg seie at det har vore veldig kjekt å blogge i StudBlogg! Håper lesarane har hatt nytte av bloggen, og ikkje minst at de har likt å lese den. Med dette vil eg ønske alle lesarane vidare lykke til med valg av studiestad, og til dei av lesarane det gjelder: Lykke til med eksamen!
