Studere ved UiB
Likar du tanken på eit universitet som ligg midt i den mest levande byen i Norge? På miksen av tung, solid vitskap og skarp, nytenkjande forsking? Vil du rett og slett bli klok?
UiB sine fagmiljø er internasjonalt anerkjende og gir deg fagleg tyngd og god kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. Men du blir ikkje berre ein godt utrusta arbeidstakar ved å studere hos oss. På UiB blir heile deg som menneske betre. Du lærer å tenkje sjølv, å analysere og trekkje slutningar. Du lærer å skrive, og ta ein idé frå tanke til resultat både aleine og saman med andre. Du blir eit tenkjande menneske i den verkelege tydinga av ordet.
Det fleksible universitetet
Ved Universitetet i Bergen finst det mange moglegheiter dersom du ønskjer å ta ei høgare utdanning. Det kan verke skummelt å velje ei retning, men ikkje ver uroleg for å velje feil. Det er ikkje nødvendig å ta alle vala i dag. Mange finn ikkje ut før i det femte semesteret sitt at dei har lyst til å gå vidare på eit masterprogram, medan andre veit frå dag éin at dei har lyst til å ta ein doktorgrad. Lat oss presentere dei ulike moglegheitene våre for deg.
Det er lite som er hogge i stein når du begynner å studere ved Universitetet i Bergen. Mange av bachelorprogramma våre har eit heilt år med det vi kallar «frie emne», der du sjølv bestemmer kva fag du vil fylle opp studiet med. Du kan for eksempel ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di dersom du ønskjer deg ei karriere innanfor kulturadministrasjon.
Vi strekkjer oss langt for å skreddarsy ei utdanning som passar for deg. UiB er eit fleksibelt universitet med høg fagleg kompetanse, som samtidig er smidig og
løysingsorientert.
Tags: Bergen, Universitetet i Bergen

Legg igjen et svar