Leiar, jubileumsnummeret

Når strukturane vert mjuke,…

Vi ønskjer å gjere våre lesarar merksame på at Replikk har eksistert i fem år, at dette er den tiande utgåva. Vi vil i den samanheng ytre nokre ord med eiga stemme.
Samstundes med at denne utgåva føreligg, stikk nokre hovud seg saman, under leiing av professor Ole D. Mjøs, for å diskutere formelle strukturar i utdanningssystemet. Vi har av den grunn vald å vie vår faste samtalespalte til dei framtidige omleggingane som byrjar med Mjøs-utvalet denne våren. Om fem år finst kanskje ikkje hovudfaget lenger. Kanskje er Replikk og dei andre studenttidsskrifta berre dei siste krampetrekningane frå ein døyande studentkultur. Lat oss tenkje fem år fram i tid.

… utan tyding, …

Hovudfaget er er i 2005 berre noko som eksisterer i hovudet til dei uteksaminerte, som orda framhaldsskule eller Hernes-reform. Norsk høgare utdanning er tilpassa EU-standard og gjort forståeleg for Gud og kvarmann i den postnasjonale diskurs. 3-åring bachelor og 1- eller 2-åring master er røynda no. Oppgåveskriving har ein mykje av på lågare grad, men det sjølvstendige forskingsarbeidet er flytta opp på stipendiat-nivå. Det finst ikkje lenger prydord, all universitetsøkonomi er avhengig av vekttal i masseproduksjon og sponsing frå næringslivet. Universiteta skrik over kvarandre i jakta på den effektive studentgruppa; dei rette konsumentane som både kan gjennomføre på normert tid, og tene 5000 kroner i månaden på ein jobb ved sida av. IKT, IKT, IKT skrik dei. Kom til oss så skal du få berbar PC, ein CD-ROM-pakke som garanterer laud og eigen radiostyrt nettoppkobling som gjer at du aldri treng treffe nokon for å fullføre ein universitetsgrad - berre du bind deg til denne treårskontrakta, som seier at du skal ta alle fa ved vårt universitet! Urealistisk skremselspropaganda? Kvifor det? Fordi universitetet har si eiga langsame tid, og vi berre snakkar om fem år frå no? Fordi ingen vil godta det?

… mjuke for ny tyding, …

Vi kunne planlegge vår framtid ut frå dette, mure oss inn i tankar om vår eiga strukturelle gravferd. Eller vi kan velje å skyve strukturalisten til sides, og heller sjå kva fellsskap Replikk tek del i.
Nokre kritiske lesarar har retta hånleg latter mot Replikk, og kalla det “Reptil”. Det stadfestar systemet, hevdar dei, det er oppgulp frå det akademiske maskineri. Vi tar kritikken til etterretning, men kva med å ta eit tilbakeblikk på kva Replikk har vore i fem år?
Replikk sine hovudmål har vore å fremje forsking og fagdebatt mellom studentar på tvers av etablerte fagtradisjonar, og å syne forsking på hovudfagsnivå, i ei tid der strukturell endring og økonomisk nedskjering er sterkt til stades i diskusjonane om universitetet. Vi har ikkje andre ideologiske forankringar, det å vere opne for alle typar faglege innspel har vore eit mål i seg sjølv. Vi har på fleire vis oppnådd dette ved å gje studentane ei ålmente der dei kan tenkje høgt også fagleg sett, med rom for refleksjon ut over det som føregår på dei enkelte faga sine pauserom.
Å syne mangfald og breidde både innanfor og i opposisjon til systemet er viktig uansett struktur. Replikk har synleggjort nokre viktige verdiar ved universitetet, men det er opp til studentane sjølve å forme og ta del i den ålmenta også etter Mjøs.

… kjem studentar til syne, …

Redaktørane i det første Replikk var opptekne av å formidle ytringar av ulike genrar, og det er noko vi ønskjer å vidareføre. Replikk gjev, i tillegg til faglege genrar, rom for skjønnlitteratur og ein illustratør i kvar utgåve. Sjølv om vi etter kvart meiner Replikk har funne si form, ser vi at nokre genrar til no har vore mindre synlege.
Replikk hadde i starten ei spalte som vart kalla “kanon”. Her skulle ulike lesemåtar av klassigarar få kome fram, noko som blei sett på som viktig for fagleg sjølvrefleksjon. I dei siste utgåvene har dette falle ut, men det er noko vi vil freiste å fange opp att.
I denne utgåva av Replikk finn ein fagkritikk stad. Det er ein kritikk retta mot kjønnsforsking på Arkeologi, men den kan også bli sett som ein generell kritikk mot den feministiske tradisjonen som hadde utspring i kvinnekampen på syttitalet. Det har ikkje vorte skrive direkte fagkritikk frå studentar i Replikk før, sjølv om det var etterlyst fra byrjinga av. Vi håpar at fleire med kritikk på hjartet vågar å ytre seg i ålmenta, fordi vi ser at kritikken kan sjåast i eit breidare perspektiv enn berre innanfor dei særskilde fag.
Sjølv om vi er tverrfaglege er det likevel viktig for oss å presisere at sjølv om vi hevdar samanhengar mellom ulike fag, vil vi ikkje gjere alt til det same. Vi ønskjer å formidle eit mangfald frå både HF- og SV-fakulteta, og vonar at studentar, men også tilsette ved universitetet tek kontakt og sender oss bidrag. Vi takkar for den interesse bidragsytarar og lesarar har vist, og lover at vi i redaksjonen skal arbeide for å verte meir synlege, også utover universitetet.

… dei som ser meining, …

Vi har i denne utgåva samla tre sterke aktærar innan universitetssystemet til ein uformell samtale om verdiar, fordi vi ønskjer at det ikkje berre skal fokuserast på struktur. Vi hevdar at Replikk ikkje er del av krampetrekningar frå ein døyande art, hovudfagsstudentane er ikkje døyande, og har vel dessuten aldri vore ein einskapleg art. Replikk er eit prov på at nokre har noko dei vil ytre, og så lenge ein ytrar seg vil ikkje strukturane vere gjeldande. Strukturar er der, og dei endrar seg, men det som tel er kva som rører seg innanfor systemet. Vi meiner Replikk har noko å seie i si form.

… så vidsyn,
så tale og språk, […]

Legg igjen en kommentar

authimage