Når teknologien missar meining
“Eg var ikkje fattig før De fortalde meg det”, sa ein bonde i Aust-Nepal til nokre britiske bistandsarbeidarar. Tanken deira var å få fart på jordbruket i eit fattig land, at ideane var der, at alle skulle ta poenget då dei kom med nye frø og nye dyrkingsmåtar. Men det fyrste dei måtte plante var eit behov. Etter femti år med teknologisk bistand til den tredje verda, har me eigentleg ikkje kome lengre enn at me skjønar kor vanskeleg det er.
