Kan IMF reddast?
Redaksjonen har bede meg kommentere artikkelen til Eldbjørg Torsøe i Replikk nr. 8: “IMF - den reddende ulv”. Torsøes stykke, som spring ut av ein spelteoretisk analyse av det Internasjonale Pengefondet (IMF) (hovudoppgåve i samanliknande politikk), framstår utvilsamt som eit forsvar for denne mektige institusjonen. Forsvaret ville vore meir interessant dersom dette teoretiske utgangspunktet hadde gitt rom for å drøfte dei underliggjande maktrelasjonane som dei spelteoretiske “strategiane” stillteiande legg til grunn, men vanskeleg ekspliserer.
