Eit samfunn av to
Sosiologien og filosofen Georg Simmel om sosiologi som vitenskap, oversatt av Kåre Johan Mjør.
Dersom den sosiologiske vitskapen skal handla om følgjane av at det einskilde mennesket ikkje er åleine på jorda, men det blir bestemt gjennom sin medeksistens med andre, så må ikkje blikket innskrenka seg til dei store kollektiva, som blir definerte av politikk og økonomi, av rett og kyrkje, av familien og den ålmenne kulturen. Det må også retta seg mot dei finare, flyktigare sambanda som utviklar seg mellom person og person, og som bestemmer våre liv gjennom sine tusentals samanvevingar; trådar som ein ofte lèt falla, tek opp på nytt, atter lèt utvikla seg annleis, og som den indre gløden og stabiliteten i vårt tilvere med andre til sjuande og sist festar seg til.
