Kvifor skiten vart urein
På den tiden vi snakker om nå, var byen preget av en stank vi moderne mennesker neppe kan forestille oss. Det stinket av gjødsel i gatene og av urin i bakgårdene, (…) garveriene spredte stanken av etsende lut (…).
Slik innleier Patrick Süskind romanen Parfymen(1986:7). Kvardagen i mellomalderbyen Bergen var også prega av eit mangfald av lukter. På bryggen lukta det av tørrfisk og andre varer som var lagra der. I frå Vågsbunnen kom den verste stanken frå verkstadene til skomakarane. Sjøen omkring bryggene var grumset av skit. I gatene lukta det av dyr og avfall, og over alt lukta det av menneske. Særskilt på varme sommardagar låg dei skarpe luktene som ein eim over byen.
