Det paradoksale i gode handlingar
Når vi menneske handlar godt, forklarer vi det ofte med samvit. Men samvit er noko paradoksalt: Eg har lyst til å gjere gode gjerningar. Men samstundes kjenner eg eit press, ein indre tvang, til å utføre handlinga. Kvifor er det slik? Moralfilosofen Immanuel Kant forklarer dette paradokset i lys av den rasjonelle naturen til mennesket.
