Sosialøkonomien sitt dilemma: Observatør eller aktør?

Samfunnsvitenskapane generelt og sosialøkonomien spesielt, er kjenneteikna ved at refleksive mekanismar verkar mellom den vitskaplege teorien og aktørane teorien seier noko om. Tesen eg vil freiste å sette fram i denne artikkelen er: så lenge økonomiske teoriar v ert formaliserte, kan dei ikkje formulere utsegner som uttrykker refleksive relasjoner mellom teori og aktør. Frå ein filosofisk hermeneutisk ståstad er ein slik refleksivitet eit grunnleggjande trekk ved forståing, men formalisme ser ikkje ut til å gå i hop med denne tenkjemåten. Dei sosialøkonomiske teoriane må difor anten ta omsyn til slike mekanismer i ikkje-formale utlegningar eller ta vare på sin formale karakter og ignorere denne form for refleksivitet. Å ta omsyn til slike refleksive mekanismer er på mange måtar å sjå på aktørane som subjekt. Ein kan difor seie at sosialøkonomien er objektiverande og manipulerande på grunn av formalismen i språket som han er formulert i, uavhengig av intensjonane sosialøkonomen måtte ha. Intensjonane viser seg i språket.

Legg igjen en kommentar

authimage