To makter, to ætter og eit kosmos
Gjennom økologar og nyreligiøse er Moder Jord blitt relansert, seinast uttalte den bergenske miljøkrigaren Kurt Oddekalv at han var gift med to: kona si og Moder Jord. I den norrønne mytologien erobrar og giftar krigaren seg med landet og jorda, ei kvinneleg makt, og inngår dermed ein allianse med desse.
