På jakt etter ein gløymd sjanger

Å skrive ei sjangerhistorie over nokre få artikkelsider er ikkje mogeleg. Men eg vil prøve å risse opp nokre av dei utviklingstrekka eg meiner er viktige i topografiens historie i Noreg. Først vil eg drøfte kva som kan vera grunnen til den manglande interessa for sjangeren. Deretter vil eg prøva å ta for meg nokre sjangertrekk, og plassera dei inn i ein historisk kontekst. Eg meiner det finst tre hovudvariantar av den topografiske sjangeren: Den historiske, den vitskaplege og den lyriske topografien. Desse tre sjangervariantane har fått ulik mottaking i den litterære institusjonen, og tendensen er at topografisk litteratur med klare skjønnlitterære trekk har vorte kanonisert av litteraturhistorikarane.

Legg igjen en kommentar

authimage