“Guds gang over nasjonane”
Då Bernhard Suphan i 1877 avslutta det siste bindet av den monumentale historisk-kritiske Herder-utgåva han redigerte, stabla han alle dei 34 binda over i vindaugsposten, steig sjølv opp på dei og styrta seg ut i døden. Han mottok aldri noko bevis på offentleg anerkjenning for arbeidet sitt. Og eit innblikk i det seinare historiske etterlivet til Herders verk, ville nok ha fått både Herder og hans utgjevar til å rotere i sine graver. NS-resepsjonen i 1930-åra gjorde Herder til herold rasenasjon, rasefolk og førarstat, og sidan har førestellinga om Herder som opphavsmann til moderne irrasjonalisme og etnisk nasjonalisme i Europa levd vidare som del av ryktet og fordommen om hans sjeldant leste verk.
