Ein skulemann kryssar sine spor
Svein Sælensminde i samtale om livet som lærer
Svein Sælensminde, fødd 1954, er frå Laksevåg og er no lærar vidaregåande skule.
Medan læraren i allmugeskulen slepte seg frametter stiane i fjellheimen på veg til ungar med gapande munnar og vidåpne øyrer, treff me idag ein moderne lærar som, trøytt etter nok ein dag i rolla som brølande kronhjort bak kateteret, kvit av kritt og raud av utallige understrekingar, sit seg ned bak ein øl på Wesselstuen og deler gleder og sorger med oss. Dette er ein rapport frå røyndomen dei fleste av REPLIKK sine lesarar før eller sidan skal ut i.
