Filosofisk antropologi à la Plessner

På spørsmålet «kva er mennesket?» var svaret ein gong opplagt: Mennesket er eit vesen som er skapt i Guds bilde. I dag finst det heilt andre typar svar, til og med eit som er slik: Mennesket er ein biologisk maskin, styrt av ein evolusjonært oppstått nevro-computer. I og med marknadsliberalismen er det også høgkonjunktur for ideen om at mennesket er ein rasjonell, nyttekalkulerande og egosentrisk aktør.  På spørsmålet «kva (slags fenomen) er mennesket?» er der naturlegvis ei rad andre svar i tillegg. Det er berre det at desse ikkje len­ger dominerer i media og i det allmenne snak­ket. For om lag 25 år sidan heitte det seg til dø­mes at mennesket er eit sosialt vesen, forma av sosiomaterielle faktorar og kulturelle mønster. Det finst framleis teoretikarar som seier dette, dei er ikkje utdøydde. Men dei har ikkje «tids­ånda» på si side lenger. Dei møter ikkje same breie aksept for påstanden sin om at det mes­te er samfunnsmessig bestemt, at alt, eller nes­ten alt, ligg i dei sosiale relasjonane. Det er blitt meir vanleg å tru at alt, eller nesten alt, ligg i den genetiske koden. Men det er dumt å for­veksle populariteten til ein bestemt teori om mennesket med at den er rasjonelt grunngitt eller verifisert 

Legg igjen en kommentar

authimage