UM SIVIL ULYDNAD
Henry David Thoreau oversatt av Lars-Toralf Storstrand
Henry David Thoreau er, slik eg ser det, ein langt viktigare person enn han får heider for å vera, i vår tid. Difor undrar det meg ogso at denne fyrelesingi, Um Sivil Ulydnad, ikkje hev vorte umsett til norsk fyrr. Skriftet som vart skrive for kring 150 år sidan burde vera av vital interesse for både politikarar og for tenkjande, og samfunnsinteresserte menneske, sjølv idag.
Kann henda ikkje minst sidan nettopp sivil ulydnad er det einaste midlet eit tenkjande og engasjert menneske har mot demokratiet sine overgrep. For den som fylgjer med nyhendesendingar og les politiske kommentarar i dag bør det vera undarleg at demokratiet sjeldan og aldri vert utsett for ein kritisk tanke. Det er vel også nett det som har gjort det såkalla
demokratiet til ei så vidt stor fåre i vår samtid. Fåre, fordi det mest aldri seriøst vert stild prøvande spursmål ved denne styringsformi. Det yverordna må vera einskildmennesket sine rettar, ikkì staten sine krav.
Som svôren tilhengjar av laodeki (styre ved folkerøysting) framfor demokrati (styre over massane) har det difor vôre viktig for meg å få umsett dette skriftet.
