Ekspresjonismen, atonalitet og abstrakt maleri
Aukande vektlegging av nyvinning i tidleg modernisme vart hovudmiddelet for å bryta med etablerte konvensjonar for kunsten og ideen om at den må ha eit sosialt akseptert innhald. Samtidige og radikale brot med tradisjonen fann stad i alle kunstartar på kort tid: Ein fjerna seg frå tonaliteten i musikken, perspektivet og objektet i biletkunsten, den narrative strukturen i litteraturen og ornament og symmetri i arkitekturen. Med utgangspunkt i kunsten, tankane og teoriane til Arnold Schönberg og Wassily Kandinsky vil eg undersøkja den samtidige autonomiseringa av lyd, form og farge som resulterte i det abstrakte maleriet og atonalitet på byrjinga av 1900-talet i Tyskland/Austerrike.
