Feltarbeid i egen kropp
Aspekt ved deltakende observasjon
At mi historie er med som ei stemme gir teksten eit språk som søkjer mot det personlege. Teoretiske termar og definisjonar tek meg bort frå det eg opplever som det essensielle i tilværet, som kjernen; erfaringa av ein utryggleik, av eit hjarte som bankar, opplevinga av tankar i rasande tempo gjennom hovudet i den augneblinken noko er i ferd med å skje… Den teoretiske teksten; kjensla av Livet, når det blir skildra med teknisk språk, glir liksom ut mellom fingrane mine. Eg ynskjer å formidle ei kjensle av det levde livet, slik at livet sjølv kan fortelja hostoria… medan det vert levd.
