Arkiv for februar, 1998

Syndikalismen - en glemt revolusjonær retning?

Syndikalismen var i de første tiårene etter århundreskiftet en revolusjonær ideologi som fikk stadig større oppslutning. I så godt som hele den industrialiserte verden ble det opprettet syndikaliserte organisasjoner, eller opposisjoner, innen de etablerte arbeidsorganisasjonene. I dag er denne ideologien, i motsetning til marxismen og anarkismen nærmest gått i glemmeboken. Artikkelen vil prøve å vise hva som kjennetegnet denne glemte retningen.

Utgitt i nr. 6, 1998. Forfatter: Morten Hammerborg. Kun ingress fra trykkutgaven.

Sosialøkonomien sitt dilemma: Observatør eller aktør?

Samfunnsvitenskapane generelt og sosialøkonomien spesielt, er kjenneteikna ved at refleksive mekanismar verkar mellom den vitskaplege teorien og aktørane teorien seier noko om. Tesen eg vil freiste å sette fram i denne artikkelen er: så lenge økonomiske teoriar v ert formaliserte, kan dei ikkje formulere utsegner som uttrykker refleksive relasjoner mellom teori og aktør. Frå ein filosofisk hermeneutisk ståstad er ein slik refleksivitet eit grunnleggjande trekk ved forståing, men formalisme ser ikkje ut til å gå i hop med denne tenkjemåten. Dei sosialøkonomiske teoriane må difor anten ta omsyn til slike mekanismer i ikkje-formale utlegningar eller ta vare på sin formale karakter og ignorere denne form for refleksivitet. Å ta omsyn til slike refleksive mekanismer er på mange måtar å sjå på aktørane som subjekt. Ein kan difor seie at sosialøkonomien er objektiverande og manipulerande på grunn av formalismen i språket som han er formulert i, uavhengig av intensjonane sosialøkonomen måtte ha. Intensjonane viser seg i språket.

Utgitt i nr. 6, 1998. Forfatter: Stig B. Dørmænen. Kun ingress fra trykkutgaven.

Kulturens semiotiske mekanisme

Jurij Lotman og Boris Uspenskij om kulturbegrepet, oversatt av Kåre Johan Mjør.

“Kulturen kan i det heile førestellast som summen av tekstar, likevel er det frå ein forskars synspunkt meir presist å snakka om kulturen som ein mekanisme som dannar summen av tekstar som realiseringa av kulturen”. Denne utsegna til Jurij Lotman og Boris Uspenskij kan stå som ein introduksjon til kultursemiotikken deira. I den følgjande drøftinga av kulturomgrepet ser dei kulturen som ein dynamisk struktur, som korkje kan oppfattast som ein fastlagt, metafysisk substans, eller som noko som femnar om alt.

Utgitt i nr. 6, 1998. Forfatter: Jurij Lotman og Boris Uspenskij (oversatt av Kåre Johan Mjør). Kun ingress fra trykkutgaven.