Alt var så smått
Stadig vekk kjem folk bort til meg og spør meg om eg snart kjem med noko nytt, om eg nokon gong kjem til å spela konsertar igjen og liknande. Dei gløymer ikkje så fort. Det er delvis skuffande å sjå at eg òg appellerer til «den lille mann». Eg brukar å skjæra dei av med noko tomt snikksnakk, til dei blir leie. Det er særleg når klokka er passert midnatt at eg får henvendelsar av denne typen. Dei få som insisterar på å ha ei samtale, fjernar eg ved å seia at eg ikkje har teke i eit instrument på over fem år, og ikkje har skrive ei einaste setning utanom handlelister dei siste ti. Men som sagt, dei fleste trekker seg snart unna.
