Alt var så smått

Stadig vekk kjem folk bort til meg og spør meg om eg snart kjem med noko nytt, om eg nokon gong kjem til å spela konsertar igjen og lik­nande. Dei gløymer ikkje så fort. Det er delvis skuffande å sjå at eg òg appellerer til «den lille mann». Eg brukar å skjæra dei av med noko tomt snikksnakk, til dei blir leie. Det er særleg når klokka er passert midnatt at eg får henven­delsar av denne typen. Dei få som insisterar på å ha ei samtale, fjernar eg ved å seia at eg ikkje har teke i eit instrument på over fem år, og ikkje har skrive ei einaste setning utanom handlelister dei siste ti. Men som sagt, dei fles­te trekker seg snart unna.

Legg igjen en kommentar

authimage