Livet som litteratur
Kva er ein sjølvbiografi? Er det eit skriveprosjekt der forfattaren skodar på sin eigen navle og skriv om den? Ein som innbiller seg at han er interessant for andre å lese om? Det kan det vere, men det kan også vere meir, mykje meir, som til dømes Friedrich Nietzsche sin sjølvbiografi Ecce Homo. Nietzsche sin sjølvbiografi viser at sjangeren kan seie noko vesentleg om kva eit menneske er, eller kva identitet er. Kva er ei hovudfagsoppgåve? Er det noko ein skriv utelukkande med tanke på å få seg ein universitetsgrad? Noko ein gjer av plikt i ein så vitskapleg og akademisk sjargong som mogleg? Det kan det vere, men det kan, og kanskje også bør, vere meir enn det. Det kan vere noko som får direkte konsekvensar for eins daglege liv.
