Om klassikarane

Jorge Luis Borges oversatt av Ingunn Hansejordet

Jorge Luis Borges vart fødd i Argentina i det siste året av førre hundreår, og vert gjerne rekna som den forfattaren som har hatt størst innverknad på litteraturen i Latin-Amerika dette hundreåret. I 1920-åra var han ein sentral person i det avantgardiske miljøet i Buenos Aires, som poet og som medarbeidar i fleire tidsskrift. Det er nok likevel som novelle-forfattar han er mest lesen, og her utviklar han ei særegen, essayistisk form og eit presist, kondensert språk. Fiksjonar og figurar ein ofte møter hos Borges er tida og det endelege, eg’et og døden, system og kaos; spegelen, biblioteket, encyklopediaen og ikkje minst labyrinten. I noveller og essays går det føre seg ei stadig søkjing etter kunnskap og ei utprøving av språk og litteratur, ei leiting som fører forfattarar og lesar til m.a. austleg filosofi, verk frå verdslitteraturen, vitskapsmenn og oppdagarar - reelle som fiktive; til bibeltekstar, norrøne soger og kriminallitteratur, og til filosofiske og litteraturteoretiske problem som ikkje ser ut til å få endelige svar. “Om klassikarane” er frå samlinga Otras inquisiciones (1965), omsett av Ingunn Hansejordet.

Legg igjen en kommentar

authimage