Om sosiologi, statistikk og dataanalyse
I denne drøftinga av problema rundt konstruksjonen av forskningsobjekta diskuterer Johs. Hjellbrekke relasjonane mellom kvardagskunnskap og vitskapeleg kunnskap. Han tek vidare opp dei epistemologiske vanskane som oppstår når ein overfører modellar, teknikkar og omgrep fra frå ein vitskap til ein annan. Frå sin sosiologiske ståstad peikar Hjellbrekke på at den tradisjonelle kvalitetsanalysen, og det strenge skiljet mellom uavhengige og avhengige variablar, ikkje er eigna til å fange opp den refleksive karakteren som kjenneteiknar relasjonar og prosessar. Til slutt lanserar han nokre analyseteknikkar og alternative oppfatningar av kausalitet som ikkje treng verte råka av denne kritikken.
