Religiøs revitalisering

Nesten ikkje ein dag går utan at religion vert nemnd i nyhenda, anten det dreier seg om politiske utspell frå norske biskopar, sjølvmordsekter i USA eller islamistiske opprørsgrupper i Afghanistan. Ein møter religion i nye samanhengar. Oppbløminga av ulike former for islamistiske rørsler i store delar av den muslimske verda er den nyutviklinga som har vorte via mest merksemd, men også innafor andre religionar har det føregått ei revitalisering som har gitt seg mange og varierte uttrykk. Religion er eit samtidsfenomen som ikkje kan oversjåast i det internasjonale samfunnet.

Legg igjen en kommentar

authimage