Å ete vaflar i Maria si verd
Ida Fauskanger og Hind Røynesdal i samtale med Maria Parr
Å skrive litteratur for barn inneber at forfattaren skal fenge lesarar frå ei gruppe han sjølv ikkje er ein del av. Samstundes er det vaksne lesarar som vel ut dei bøkene barna får tilgong på. Før barneboka når fram til barna, skal ho gjennom mange ledd med vaksne lesarar, og det er verdt å spørje korleis dette sett sitt preg på henne. Er det mogleg for ein barnebokforfattar å skrive ei bok der han tar vare på den eigentlege målgruppa, og ikkje myntar boka på forlagsbransjen, bokhandlarar og dei vaksne konsumentane?
