Levande bilete som billedkunst
Kva er videokunst? Spørsmålet krev ei forståing av korleis levande bilete oppstod som kunstform, noko som er eit resultat av innflytelse frå fleire ulike kunstrørsler gjennom det tjuvande hundreåret. Det blir også viktig å sjå på kva forhold levande bilete innan kunstinstitusjonen har til den kommersielle filmen og fjernsynet. Fleire faktorar har vore med på å definere videokunsten som postmodernistisk praksis, og dette er eit forsøk på å nøste opp nokre av trådane som ligg laust rundt fenomenet.
