Glimt frå bokverda
Vert: Jon Peder Vestad (c)  Sist endra 13. mai 2003
Framsida Ymseposten Mål og middel Privaten Lesarbrev

Heider som lærer

Andreas Bjørkum fylte 70 år vinteren 2002 og gjekk da av som professor i  målføregransking ved Universitetet i Oslo. Dette vart markert med heidersskriftet Målgranskaren frå Årdal. Eg håper at mange som er opptekne av dialektar og norsk språk får med seg denne boka. 

Vestlandskrim av godt merke

På omslaget til romanen ”Heit juice” av Kolbjørn Hauge står det at dette er ein vestlandskrim. Og det er det tydeleg. Dersom dette er ein eigen krimsjanger, skulle eg ønskje at det vart skrive mye vestlandskrim.

BØKER FOR BARN OG UNGE:

Anna på fredag: Ein ikkje heilt heldig ungdomsroman om språk/språkvitskap av Helene Uri.

Kvalboka og Bilde i berg: Fine fagbøker for barn av Audun Skjervøy og Olav Norheim/Mikael Holmberg.

Det sjette grepet - omtale av ungdomsromanen Erna Osland fekk Sunnmørsprisen 1998 for.

Bjørn Sortland:   Omtale av Tu Ducs skatt, Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar og Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord.

Dikt og datt for barn - omtalar av diktsamlingar gitt ut av Arnt Birkedal, Oskar Stein Bjørlykke, Arnljot Eggen/Inger Lise Belsvik, Per Olav Kaldestad, Rolf Sagen og Einar Økland.

BØKER FOR VAKSNE:

* Magnhild Bruheim: Varselet (krim)
* Liv Marit Idsø og Anne Marie Seem: Midt i elgjakta(krim)
* Gunnar Staalesen: 1900 Morgenrød (historisk roman)


Innhaldsrike korttekstar - melding av Fanny Holmin: Song for to stemmer og ein lukka munn - eit stykke prosalyrikk.

Ragnar Hovland: Vittig og rå, god og ... ikkje fullt så god. Omtale av Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, Dr Munks testamente og Halve sanninga. Tre versjonar.

Små omtaler av store og små lyriske verk - av Merima Maja Brkic, Ingvild Røstbø Kausland, Ann Kavli, Helge Torvund og Jan Inge Sørbø.

Frå bokhausten 1998 
Av dei mange hundre bøkene som kjem på norsk kvart år, blir nokre omtala i Bokinnsynet. Dei som er omtala her, er skrivne av Helge Torvund, Halvdan Magnus Hansen og Helga Eriksen. 

LITTERÆRE HENDINGAR:

Ivar Aasen-tunet opna med sol og song
Då nynorsken kom til verda var namnet på høgtida da Nynorsk kultursentrum opna i Ivar Aasen-tunet i Ørsta i juni 2000. Og tilstellinga synte nynorsk livskraft og mangfald, ikkje minst gjennom den nye allsongen Fang sommarens ange i natt og ræppen Det e` so gale.

Dei Nynorske Festspela 1999: Festspel på trass

Fin diktkveld i Volda
Om lag åtti menneske hadde funne vegen til Volda Turisthotell  14. mars 1999 for å høyre dikt om kjærleik og død, håp og fortviling. Lyrikaren Tor Jonsson døydde i 1951, men dikta hans har framleis kraft.

Nynorskpris til bosniar

Den bosniske lyrikaren Merima Maja Brkic frå Årdal har fått Sunnmørsprisen 1999. Dette er ein pris som går til ein skjønnlitterær forfattar som bruker ein rik og levande nynorsk i litteratur som er tilgjengeleg for folk flest.

Varierande Bjørnsonfestival

Litteraturfestivalen som ber namnet åt Bjørnson greidde ikkje å prege bybildet i Molde i august 1998. Men det kan hende at nokre av dei som besøkte festivalen vart prega av det dei opplevde - av Anne Holt, for eksempel.

OLE ANDREAS SANDBERG:

Essayistisk om Dylan
”Bob Dylan” er tittelen på Håvard Rems bok om Robert Zimmerman. Det er ingen tilfeldighet at Håvard Rem, anerkjent som poet, oversetter og gjendikter, velger å skrive om livet til Bob Dylan. Rem vokste selv opp i en menighet hvor skriften var hellig og sangen heftig, skriver Ole Andreas Sandberg.

En hemmelig handling
I ”Den hemmelige historien” møter vi Richard Papen, en fersk student fra California som studerer gresk på USAs østkyst. Han blir med i en lukket gruppe med fem studenter som er nært knyttet til hverandre. De deler en grusom hemmelighet. Ole Andreas Sandberg har lest boka. 

Fakta om Finland?

Romanen "Fakta om Finland" av Erlend Loe ser ut som ei kjedeleg faktabok, men er korkje det eller om Finland. Boka er om eit einsamt menneske som slit med å skrive ein faktabrosjyre om Finland, men slit enda meir med seg sjølv.

Synske hjelparar på Sunnmøre

Av og til møter ein menneske som avviser alt som kan smake overnaturleg. Slike folk burde absolutt lese boka "Synske hjelparar i hundre år". Dette er ei bok som fortel om Karl og Olga Tandstad, far og dotter, to synske som har vore til hjelp for menneske over store delar av landet.

Studio Sex og Sprängaren

Det er ikkje utan grunn at Liza Marklund er ein av dei krimforfattarane som verkeleg har slått gjennom hos oss. Ho har gode forteljingar å dele med lesarane, på den måten at dei er både spennande og velskrivne. Både Studio Sex og Sprängaren kan med fordel lesast før vi får sett dei som film. 

Frå fellesskap til galskap: Romanen Fyrtårnet kom ut i 1999, og er debutromanen til Morten Bjerga. Det er ein debut forfattaren kjem godt frå det med.  

Så kom den smilende katten
er tittelen på ein roman Gunnar Lunde gav ut i 1987. Eg meiner eg har lese ei anna bok av Lunde før eg kom over denne i eit boksal på biblioteket i Ørsta. Ikkje veit eg om det har vore nokon som har lese i eksemplaret eg kjøpte, men eg skulle ønskt det var det.

Karin Fossum blir ikkje redigert nok
Karin Fossum har fått eit godt ry som krimforfattar. Både debutromanen Evas øye og Den som frykter ulven kjem i mål som kriminalromanar, men båe skulle ha vore stuttare. Det kunne ha fått Karin Fossum til å stå fram som ein spenstigare forfattar.

Kostbar moro
Eg veit ikkje kva Brev fra en gærning kostar, for eg fekk denne samlinga «tullebrev» som gåve. Men boka er nok ikkje verd prisen. Lån ho!

Ytterpunkt
Ytterpunkt er ein roman om ei ung kvinne på leiting etter historier, etter seg sjølv, etter kjærleik og meining. Ikkje småtteri. Cecilie Enger fortel historia om radiojournalisten Eira utan store fakter og ord, og må gjerne fortelja meir - og til fleire.

Maskerade utan ball
Denne romanen er bygd opp kring drapet på ei einsleg dame i førtiåra. Ho blir funnen i snøen utafor eit festlokale etter ei maskerade, med fyll, slagsmål og slikt som hører ein bygdefest i 1970 til. Eg likte den andre romanen til Magnhild Bruheim.

Mannen som var redd for å såre
En forbigående sorg er tittelen på ein roman av Francoise Sagan. Her møter vi Matthieu på førti år som får beskjed om at han har att eit halvt år å leva. Det er kreft. Korleis taklar ein som har levd sorglaust å få livet sitt så presist datostempla?

Professor Andersens natt
Denne romanen av Dag Solstad opna eg med ei spesiell interesse, og lat meg seia det slik: interessa var berre litt mindre da eg la ho frå meg. 

Eg la merke til Slottstyven 
Det var omslaget som gjorde at eg la merke til og las Slottstyven. Det syner eit menneske som står eller går åleine i eit goldt landskap, kanskje i ein ørken. Himmelen er gusjeblå, bakken gråbrun.

Episodisk og lærerikt frå Staalesen 
1950. High Noon av Gunnar Staalesen er framhaldet av 1900. Morgenrød som kom i 1997. Dèn romanen kalla eg eit storverk, men same ord vil eg ikkje bruke om denne 550-siders romanen. Vi er framleis i Bergen, og følgjer familiane Moland, Helgesen og Brandt - med fleire - i gleder og sorger frå 1930 til 1962. Eg las romanen med stor interesse, men også med ein del irritasjon. 

Lågmælt om vennskap
Går det an å dyrke eit vennskap som aldri blir direkte uttrykt? Det skriv Jan Jakob Tønseth om i romanen
Et vennskap.

Ada: flott debut, fascinerande roman 

Ada er ei bok eg knapt greidde å leggje frå meg. Debutanten Grete Kleppen imponerte meg med god fantasi og forteljeevne, og eg tenkte fleire gonger at denne boka skulle ha vore filma. 

Svenske kvardagsheltar
Det var tittelen som gjorde at eg kjøpte boka. "Svenska hjältar" av Reidar Jönsson viste seg å vera ei bok av eit slag som iallfall ikkje eg har lese for mange av. Denne novellesamlinga handlar om dei usynlege heltane, dei som er heltar i sine eigne liv. 

OM FORFATTARAR OG LITTERATUR:

Kvardagslyrikaren Heljar Mjøen: Våren 2002 døydde Heljar Mjøen. Han var ein av dei eldste forfattarane i Noreg, kanskje ein av dei mest leste – og temmeleg ukjend.

Toppbok om Tor Jonsson
Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson er den nynorskboka som før oktobermørkret set inn for alvor, har fått mest og best omtale hausten 1999. Kjære Jonsson-venner: Kost på dykk boka!

Ivar Aasen har levd!
Ja, eg blir frista til å bruke desse orda etter å ha lese minneskriftet Ivar Aasen i kvardagslaget av sambygdingen Anders Hovden. Målreisaren og forfattaren Ivar Aasen levde frå 1813 til 1896, og mange har nok meint at det var ein kar som stort sett berre arbeidde, ikkje levde. Men det gjorde han. Han drakk til og med øl. 

Interessant og stramt om romsdalslitteraturen
Den vesle boka Litteraturen i Romsdal gjev eit greitt overblikk over forfattarar med tilknyting til Romsdal, og innblikk i nokre forfattarskapar. Som lesar - og romsdaling - skulle eg likevel ha ønskt at boka femna om meir..

DET OVERNATURLEGE:

Vart du skremd no?
Emilie Sagée var lærar på ein pensjonatskule i Latvia. Medan ho underviste, kunne elevane brått få auge på henne i hagen utafor. Emilie hadde evna til bilokalisering, å vera på to stader samstundes. Historia om Emilie er ei av mange i boka Mirakel eller virkelighet?

Avsløringar av det overnaturlege 
For nokre år sia kom ei bok som mange av oss som er opptekne av det overnaturlege skulle ha teke seg tid til å lesa. Det er boka Juks og bedrag av den nordamerikanske tryllekunstnaren James Randi. I denne boka fortel han om sitt eige og andres arbeid for å avsløre lurendreieri, anten det er snakk om Uri Geller, Erich von Däniken eller filippinske "legar".

Dei døde snakkar...
I mellomkrigstida var spriritisme på mote i Noreg og Norden. Spiritsimebølgja rir ikkje akkurat breiddegradane våre nå som da mediet Ingeborg frå Østfold var aktiv... Ho og andre meinte dei fekk bodskap frå "den andre verda", og kan det vera noko i det? 

INTERVJU:

Den hemmelege forfattaren
I eit halvt års tid brukte han nesten all fritida si på å skrive ein roman. Ennå veit han ikkje om noko forlag vil gje ut verket, men han har i det minste hatt to lesarar.

Ein bokleg bakmann 
Gudmund Harildstad stikk seg ikkje fram. Men arbeidet han gjer, er viktig nok. Det er Gudmund som har sytt for at livsminna til den norskamerikanske pressemannen Kristian Prestgard har vorte gitt ut. To bøker av ein av dei fyrste lokalhistorikarane i Noreg, Ivar Kleiven frå Vågå, har han au redigert. Det er ikkje alt.

Frå skrivebordsskuffa til Setesdalsforlaget 
Ånund K. Homme kan oppfylle drømmen mange har om å gje ut bok. Forlaget hans. Setesdalsforlaget, har sia starten i 1997  komme med kring førti bøker og hefte. Rekordopplaget for ei bok er på heile (?) 200 eksemplar. Og at det ikkje er lett å få bokhandlarane til å selja bøkene til det vesle nynorskforlaget, opplevde Homme i Volda, i tjukkaste nynorskland. 

YMSE:

Giftermål og mord i Bergen
Teologen Absalon Pederson Beyer (1528-1575) skriver om alt fra merkelige skyer på himmelen til festligheter, drap og begravelser i sin dagbok fra Bergen. Noen smakebiter er nå lagt ut på nettet.

1600 ord på 60 år 
Det tok over seksti år frå dei fyrste orda i "De sa me - ord og uttrykk frå Rødven etter Aase Hunnes"  vart skrivne ned og til dei siste orda kom med. Boka Aase Hunnes (fødd 1908) er opphavskvinne for er så langt eg veit den største samlinga dialektuttrykk frå Romsdal. 

1732 Høtten 
Den dagen eg skulle sjå 1732 Høtten, samla eg inntrykk som kunne setja storbyen i eit dårleg lys, slik at eg var stålsett mot det eg venta skulle møte meg . Eg fann ut at 1732 Høtten ikkje skildrar bygde-Noreg, men eit gudlaust samfunn. Og det er ein ganske god film.

LITTERATUR PÅ VESTADS VEVSTAD:

Les romanen "Noe etter"!
Før nyttårsfeiringa ved årsskiftet 1999/2000 blir det sett ned eit offentleg utval som får namnet "Hjertelaget". Der blir den unge, tenksame læraren Matias Meand med. I denne romanen følgjer vi han i den frodige tankeverda hans, og opplever kjærleik og frustrasjonar, erotikk og galskap. Romanen er humoristisk og satirisk, og kan berre lesast på Vestads vevstad. 

Dikt på vevstaden
Til glede for diktvenner - no kan de lese to barnedikt, dikt om ro og vind, og dikt om tru og trøyst på Vestads vevstad.

Prikken 
- Kom, eg har noko eg vil vise dykk!
Det er Heidi som  seier dette. Ho er større enn Jakob og Sunniva, men ikkje så stor som mor og far. Heidi har lange fletter. - Kva er det for noko, da?
Slik startar forteljinga om Jakob, Sunniva, Heidi og Prikken.

Ljos, haust
er tittelen på ein liten og sikkert uviktig tilvekst til norsk lyrikk. Likevel kan diktet vera verdt å få med seg. 

GUDMUND HARILDSTAD:

Minnedikt om Per Sivle

I samband med skipinga av Per Sivle-laget hausten 2002 kan det vera interessant å minnast dikta som er skrivne til minne om Sivle.

Olav Nygard-minne i Oslo: Diktaren Olav Nygard er gravlagd på Østre Aker kyrkjegard. Då han døydde i 1924, hadde han og huslyden budd eit års tid på Bryn i Østre Aker, fortel Gudmund Harildstad.

Per Sivle på ny
Rett før jul 2000 kom det ei ny utgåve av Anders Hovdens bok om Per Sivle. Boka kom fyrste gongen ut i 1905, året etter at Sivle døydde

Georg Sauerwein - språkgeni og landsmålsven

I august 2000 kom det ut ei forvitneleg bok på Norsk Bokreidingslag. Boka er ein biografi om dr. Georg J.J. Sauerwein, fødd i Hannover i 1831 og død i Kristiania i 1904.

Garborg og Labråten - mål og namn
I grannelaget til Garborg-heimen på Labråten i Asker, budde det kring førre hundreårsskiftet fleire målfolk. Kjært barn har mange namn, heiter det gjerne, og målmiljøet kring Garborg-heimen hadde fleire namn - Målbakken, Måldalen, Målkroken og Svolkopp.

Omsetjaren Johannes Horvei
Johannes Horvei sette i si tid om ei mengd bøker frå engelsk til nynorsk. Namnet hans er no mesta gløymt, trass i at han har sett om verdskjende forfattarar til norsk. Det kan såleis vera verdt å skrive litt om Horvei, meiner Gudmund Harildstad. 

Garborg-klubb i Chicago i 1890-åra
Forfattaren Arne Garborg hadde også ein tilhengjarskare i USA. Med Garborg-året 2001 i tankane er det forvitneleg å vita at det på 1890-talet var ein Garborg-klubb i Chicago
.

FAGBØKER:

Lærd bok meir enn lærebok
”Reportasjen er en førstehåndsskildring i personlig stil om et menneskelig anliggende av offentlig interesse”. Stort nærmare kjernen enn denne definisjonen til Frode Grytten, kjem vi vel ikkje i boka ”Reportasjen” av Jo Bech-Karlsen. Bokmeldarane meiner boka er omstendeleg og uklar, og  ikkje heilt eigna til undervisningsføremål.

Klassikaren Språk er makt 
Den som har lese Språk er makt, kjem til å hugse tittelen - truleg også noko av innhaldet. Sia samfunnsvitaren og psykologen Rolv Mikkel Blakar gav ut boka i 1973, har ho komme i seks utgåver. Det seier noko om posisjonen denne Pax-boka har fått.

Stadnamn skapar også identitet

Namnegransking er som all anna forsking inga enkel sak. Likevel blir det no lansert ein ny og forunderleg enkel måte å dele inn namn på i boka Innføring i stadnamn: eit skilje mellom enkle og vanskelege namn. I same boka blir livsdraumen forklart som ein grunn til at folk ikkje vil bu på stader med "stygge" namn.

Innsiktsfullt om språkleg mangfald

Den norske språksituasjonen er ikkje så spesiell som vi vil ha det til. Dette er eitt av dei manger poenga Olav Randen vil ha fram med fakta- og debattboka Farvel til språkmangfaldet? som han har gjeve ut på sitt eige forlag, Boksmia. Randen har samla opplysningar om språkforholda ute i verda, med vekt på Europa. Han tek oss med til land etter land i Europa, alle saman. Her er det mye interessant for lek og lærd.

 

Her er det godt om plass…:På Vestads vevstad kan du få "netta" artiklar du har liggjande! Det er teke inn dikt og ferjesongar, ei utgreiing om media i Tanzania, og artiklar om ord, fenomen og media - og mye anna.

 

Ansvarleg for Vestads vevstad: Jon Peder Vestad, jpv@hivolda.no (c) 2002 Det er fullt muleg å sitere frå nettstaden - hugs å vis til kjelda.