| SPRÅKBRUK:
”Farlege”
ord:
Ofte er det
lett å ty til ord som verkar greie og tilforlatelege,
men som er like lumske som ei søkkjemyr. Det gjeld nokre
eksempel som er funne i media.
Moteordliste anno 2001:
Kva ord som fell spesielt i smak, endrar seg
stadig. I år er mellom anna ’euforisk’ inn, eit anna
gromord er ’modus’.
Språket
i krig og kamp
Ordbruken i samband
med terroråtaka i USA og krigshandlingane i Afghanistan
er vanskeleg og viktig. Eg skriv ’krigshandlingane i
Afghanistan’ fordi Afghanistan ikkje er i krig mot
USA og Storbritannia (enno). Det er lett både å bli
teken til inntekt for bestemte syn.
Jeg
ha kjøpes en program
"Saksøke var hen sist natt til ren off noe av
de materiale at didn't behøve til blir på my PC. Jeg haven't lese boken
på hvordan til do denne, men decided til gå ahead og sende deg en
meddelelse." Kva slags norsk er dette?
Bruk
fagspråk med måte
I eit møte i NRK vart ordet `konvergens`
flittig brukt, utan at det vart forklart. Mange kvir seg for å spørja om
kva slike ukjende eller uklare ord betyr. Ein dyktig språkbrukar veit når
ho kan bruke vanskelege ord og når det ikkje passar.
"Independent
label"
I NRK Petre hørte eg ein morgon programleiaren og
ein gjest snakke om `independent label` i Noreg. Stutt tid før møtte eg
au omgrepet på trykk i ei dagsavis, utan noko som helst forsøk på å
forklare det. Eg tippar at ikkje alle som les dette veit kva `independent
label` er, og det gjorde truleg heller ikkje alle lyttarane.
Håndvåpen
til plage
Det har vært holdt en konferanse om eller mot håndvåpen.
I tilfelle et forbud, blir det viktig å få klart for seg hva dette
egentlig handler om, skriv Bjarte Alme. Han har undersøkt kva som ligg i
omgrepet handvåpen.
«Holocaust»
- ei gjendøyping
Bjarte Alme skriv at iblant hender det at gamle og nærmast
ukjende ord bryt opp frå eit skuggetilvære i større ordbøker, og blir
allemannseige under ei ny tyding. Dette hende for få år sidan med ordet
«holocaust».
Jåleri
med ord
Vi som kom til verda eit halvt saeculum pluss eit
decennium og vel så det før utgangen av vårt millennium, er nok ikkje
heilt oppdaterte og fancy i ordforrådet. Men vi trur vel vi er gamle nok
til å seie frå om det vi ser som dårskap og jåleri i allmenn språkbruk,
skriv Bjarte Alme.
Fast
food frå prestane
I seinare år, alltid i perioden mellom
karnevalstida og påske, har eg falle i stavar over eit ord frå
forkynnar- og presteskapet. No er eg ikkje av dei flittigaste til å høyre
på dei som tolkar Herrens ord, men eitt av dei har hengt seg fast (!).
Ordet er faste, faaaste, skriv Bjarte Alme.
RÅD OG VINK:
Hjelp til eit
betre språk:
Dette er ikkje noko hokus-pokus, men råd som kan
vera gode å ha med på vegen. Ta med deg denne språklege
hugselista for journalistar, utarbeidde ved Avdeling for mediefag på Høgskulen
i Volda. Det er også denne språkplakaten.
Småplukk
om språkfeller, ordbøying, fornorskingar og ymse i Språkplukk
1, 2
og 3.
Språkplukk
4 er om orda billighetserstatning og
media, Finn-Erik Vinje m.m.!
Tips
til oppgavesvar
Når du svarer på innsendings- og eksamensoppgaver,
er det viktig at du holder deg til ordlyden i oppgava. Det skal være
heilt klart hva som er ditt i teksten, og hvilke kilder du
bruker.
Det
er lett å skrive bedre!
Med litt ekstra tid, gode kolleger og nitti kroner
til ei ny ordliste - som blir brukt - kan du lett skrive bedre. Det
er ikke nødvendig med dyre kurs og hjelpemiddel.
Min kjepphest: Bruk
ordbok!
Innlegg i Språkkureren 3/97.
Systematisert
kreativitet!
Det går an å prøve - opne auga, vri blikket i nye
retningar og føre føtene på uvande vegar. Denne hugselista kan
vera til hjelp for journalistar og informasjonsfolk som står i beit for
idear. LES
MEIR
SJANGRAR
OG SPRÅK:
Intervjuteknikk:
Intervju
er ein journalistisk formidlingsmåte som kan brukast i ulike sjangrar og
format. Det er også ein journalistisk arbeidsteknikk. Her er nokre tips.
Sitatteknikk:
I
skriftleg journalistikk kan vi skjelne mellom tre måtar å sitere nokon på.
Den vanlegaste måten er det vi kallar direkte sitat eller innhaldssitat.
Det direkte sitatet blir markert av ein sitatstrek som står før det
kjelda har sagt. Innhaldssitata treng ikkje vere ordrette, nøyaktig slik
intervjuobjektet sa det. Men innhaldet skal likevel vere korrekt gitt att.
Essayet:
Ordet
’essay’ kjem av fransk ’essayer’, som tyder prøve. Det blir brukt
om ein analytisk, tolkande eller kritisk litterær tekst, men kan også
finnast i journalistiske samanhengar som ”storebroren” til den meir
vanlege kronikken.
Titlar
og ingressar: Det
skal vere godt samsvar mellom tittelen til ei sak og innhaldet i sjølve
brødteksten. I jakta på ein god tittel kan ein stå i fare for å
”dra” innhaldet vel langt, og i lengda tener ein ikkje på å love
noko som ein ikkje held. Det vil ikkje seie at titlane ”må” vere
tannlause og kjedelege.
IN ENGLISH:
Media
in India as independent as in the US
- A majority of the mainstream newspaper in India do not represent the
interest of the common people. They serve the business houses, says the
Indian journalist and researcher Poornananda Dasegowdanakoplu Swamy Gowda.
Still he thinks that the Indian press is as free as the press in the
United States.
Less
about environement in Indian press
The Bhopal and Chernobyl disasters contributed to an increased coverage of
environemental issues in Indian newspapers in the 1980-es. At the end of
the 1990-es, environement was no longer a key issue in Indian media
Mother
is often a mum
Usually, the first words we learn as children, are the words for
’mama’ and ’papa’. Similar words are learnt by children all
over the world, - words like baba, dada, tata and so on for father,
mama, nana, ma for mother. Why?
When
written texts are spoken
Bush:
His theme song
YMSEPOSTEN:
* Ma
og pa - det fyrste vi sa?
* Nyheiter
om språk får vi hos Eurolang
* Mållaget
som ikkje er - Internettet mållag
* Bokdrøm?
Prøv Setesdalsforlaget!
* Gudmund
Harildstad - bokleg bakmann
* RadioDirectory
- norsk radiobase på internett
* Herman
Baskår - radiolærar i Sør-Afrika
* Nynorskpris
til bosniar
* Frå
Kopervik og Volda til NY og Norway Times
* Norsk
i Nederland?
* 1732
Høtten - film om eit gudlaust samfunn
* Frå
innsida av eit tidsskrift- akt
Medielenkjer
Språklenkjer
| Her
er det godt om
plass…:På Vestads
vevstad kan du få "netta" artiklar du har
liggjande! Det er teke inn dikt og ferjesongar, ei utgreiing om
media i Tanzania, og artiklar om ord, fenomen og media - og mye
anna. |
BOKINNSYNET:
Stadnamn
skapar identitet. Om "Innføring i stadnamn"
Innsiktsfullt
om språkleg mangfald av Olav Randen
På
tur mellom permar - om Fra Heidal til Decorah av pressemannen
Kristian Prestgard
Medielinja
ved MRDH 1987-89
PRIVATEN:
* Har du fått nok
av den digitale samtida? Test deg her!
* Språket førte
meg til journalistikken – og omvendt. Om utdanning og yrkesval
* To raude trådar:
språk og journalistikk: Om vegen etter studia.
* Det har vorte så
vanskeleg å meine noko - kronikk.
* Eg kyssa aldri Sissel:
Det er sjølvsagt Sissel Kyrkjebø eg tenkjer på.
|
Nyheitsspråk
og normer
Nyheitsspråket
i radio og fjernsyn er spesielt. Det er ikkje rett å kalle
det for talespråk, men det er heller ikkje skrift. Samstundes
er det skrift – det aller meste vi hører i ei
nyheitssending er skrive ned.
Feil
bruk av verb på -ast
Av
og til møter vi formuleringar som ”dei *sendast til…”,
”dei *festast på…”, ”vi *sjåast” og liknande i
nynorsken. I bokmål er det heilt greitt med de sendes, de
festes, vi snakkes. Men ikkje i nynorsk.
Nynorsk
som ein kvalitet i næringslivet
I næringslivet
kan nynorsken bli nytta til profilering. Her finn vi slikt som
informasjon, reklame, oppslag og menyar. Dette får ei bedrift
til å skilje seg frå andre - ikkje minst når nynorsk blir
brukt..
Den
nynorske etnisiteten
I
mange år har eg vore etnisk norsk utan å vete det. Den
norske etnisiteten har eg heller ikkje visst av, sjølv om eg
har levd midt oppe i han. For meg var det etniske knytt til
folkemusikk frå land langt unna, trefigurar laga i Afrika,
mat med sterk krydder, og butikkar på austkanten i Oslo. Men
no er det etnisitet over alt
Sluttord
om dei personleg nynorske
Det
er godt å merke at vi nynorskbrukarar både har ulike grunnar
til å bruke nynorsk, og at vi skriv på ulike måtar.
Nynorsken treng mangfald.
Meir
om nynorsken og dei personleg nynorske
Kronikken
”Dei personleg nynorske” i Dag og Tid (DT) nr. 6 2002 fekk
fleire til å reagere. Her er ei redigert utgåve av eit
svarinnlegg i DT 8/2002.
Dei
personleg nynorske
Lenge
har eg hatt eit inntrykk av at det er nokon som liksom eig
nynorsken meir enn andre. Dei veit tydelegvis kva som er god og dårleg nynorsk, og har
klare oppfatningar om kva ord og former som kan brukast i målforma,
også av andre. Ein dag oppdaga eg at denne gruppa sjølvsagt
måtte vere personleg nynorske.
Subtil
og sublim konsistens I
eit intervju sa statsminister Kjell Magne Bondevik at han
meinte at politikken til Arbeidarpartiet ikkje var konsistent.
Han snakka også om behovet for konsistens i
politikken. Kva dette vil seie, gjekk nok mange hus forbi.
Korleis
skal nynorsken endrast?
Dei som har sett seg inn
i framlegga til endringar og forenklingar i
nynorskrettskivinga, har hatt nokre hundre sider å bla
gjennom. Men kanskje løysinga lell blir å halde på det
systemet vi har i dag? Ordninga med hovud- og sideformer har
jo fungert lenge.
Syn
på nynorskrevisjonen
Nynorsken
kan bli kraftig endra av den revisjonen som er på gang. Frå
dei omfattande sakspapira har eg valt somme punkt som eg
meiner er viktige.
Informasjonskløfter:
For
at demokratiet vårt skal fungere, må folk engasjere seg i samfunnet.
Gjennom media blir det sett lys på viktige saker på vegner av folket, og
media er også ein viktig kanal for ein open debatt. Likevel kjenner mange
seg avmektige og fremmendgjorde.
Bokmål i
nynorsken: Dette er eit emne vi som
bruker nynorsk aldri blir ferdige med, men det er heller ikkje
så vanskeleg å gjere noko med det. Å slå opp i ei ordbok
bruker ofte å vere til svært god hjelp! Men også i måten
setningar er utforma på, kan vi merke påverknad frå
bokmålet.
Nye læremiddel for mediefag
Handboka Nyheitsproduksjon for
fjernsyn av Eivind Rønnestad inneheld ei innføring i
forteljarteknikk i fjernsynsnyheiter, og gjennomgang av
oppgåver i produksjonen. Språkrøkt og
språkråd er eit hjelpemiddel for journalistar i
radio og fjernsyn og andre som arbeider med språk i
media. I heftet blir det gjort greie for krav til språk
i etermedia, og det blir gitt råd om ei rekkje ulike
emne.
Mannleg
og kvinneleg språkbruk
I vanleg samhandling
mellom menn og kvinner viser det seg at dei to kjønna har vanskar med å
kommunisere. I blad og bøker blir særleg kvinner fortalde korleis
dei skal forstå det andre kjønnet.
Lærd
bok meir enn lærebok
”Reportasjen er en førstehåndsskildring i personlig stil om et
menneskelig anliggende av offentlig interesse”. Stort nærmare kjernen
enn denne definisjonen til Frode Grytten, kjem vi vel ikkje i boka
”Reportasjen” av Jo Bech-Karlsen. Bokmeldarane meiner boka er
omstendeleg og uklar, og ikkje heilt eigna til undervisningsføremål.
Utfordringar
for nynorsk normaltalemål
Når eg skal ta for meg utfordringar for det nynorske normaltalemålet,
vil eg leggje til sides uttrykket "nynorsk normaltalemål". Det
normale i Noreg er å snakke dialekt. Men vi kan ha nytte av å
snakke både ein nynorskprega dialekt og ein dialektprega nynorsk.
SPRÅKTEORI:
Språk som
identitetshandling
R.B. Le Page og Andrée Tabouret-Keller har sett opp ein teori om språkbruk
som identitetshandling. I boka Acts of identity (1985) set dei
mennesket i sentrum for språket, og for dei er språk det språklege
repertoaret til eit enkeltmenneske. Kvart tilfelle av språkbruk, kvar
talehandling er ei framsyning, der språkbrukaren syner den indre verda
si.
Kva
er ein radiotekst?
Ved ein språkleg analyse av radiotekstar vil funn på detaljnivå kunne
seie noko om påverkingsvegar og -mønster på eit samfunnsnivå. Når ein
så behandlar språkbruk i radio i ein samfunnssamanheng, må ein
samstundes ha klart for seg kva slags forskingsobjekt ein tek for seg.
Paul Ricoeur har arbeidd med tekstomgrepet, rommar det radiotekstar?
SPRÅKNORMERING:
Åtte
spørsmål om mediespråk
Namnet på landet vårt, "rare" ord, dialektbruk og 'sjino' -
dette er noko av det mange er opptekne av. Helst vil folk ha klare svar på
spørsmål om språk, noko skal vere rett og noko anna gale. Av og til kan
svara vere enkle.
Hva
gjør Aftenposten med språket mitt?
En kronikk i Aftenposten 15. april 2000 handla om
norsk språk. Sia artikkelen sneia innom journalistutdanninga, tenkte jeg
at det var på sin plass å fortelle at vi ved Høgskulen i Volda
tar språk alvorlig. Jeg skreiv et lite innlegg, og det gjorde jeg på
bokmål, mitt bokmål. Det passa tydeligvis ikke Aftenposten.
Målføra
og nynorsken i radio og fjernsyn
Dei som bruker normert nynorsk i radio- og
fjernsynsnyheiter, må vera nøyast med å normere ordforrådet og
grammatikken. Det kan gjerne hørast kor nynorskbrukarane i etermedia kjem
frå, og fleire forhold gjer at grensa mellom normert tale og dialektbruk
er uklar.
"Hytta
er min!" - eller: Hva skjer med bokmålet?
Overskrifta "Hytta er min!" hylte mot oss
fra førstesida til VG våren 1999. Denne korte overskrifta viser ei side
ved bokmålet som kan være vanskelig for mange, nemlig å følge en
gjennomført språkstil.
Språknormer
i Noreg
Eit spørsmål mange stiller seg - eller burde ha
stilt seg - når dei skriv, er: Er dette "lov" å skrive? I seg
sjølv har dette spørsmålet ein undertone som kan verke negativ, nemleg
at det er noko som er ulovleg i språket Og svaret på spørsmålet
er heller ikkje så enkelt.
Unngå
`åtgaum`, bruk -heit
Ord som `åtgaum`og `kverrsetje` greier det
kunststykket å vera god og dårleg nynorsk på same gong. På den andre
sida finst dei såkalla anbeheitelse-orda, som ein helst ikkje skal bruke,
men er daglegdagse i dei fleste nynorskmunnar...
Godt
og riktig språk
«Godt mediespråk» er ikkje heilt det same som «riktig
mediespråk». Det riktige mediespråket er det som held seg innanfor
vedtekne normer for bruk og rettskriving, det gode mediespråket er
tilpassa innhaldet, mediet og målgruppa. Det beste mediespråket er ut frå
dette eit språk som både er godt og riktig...
Fram
for fornorsking
Smak på orda ketsjup, sjampanje, skvåsj og keitering.
I 1996 vart desse skrivemåtane godkjende av Kulturdepartementet, saman
med gaid, innputt, streit, sørvis og ein del andre. Det var Språkrådet
som kom med framlegg til desse skrivemåtane, og lista førte til ein del
negativ omtale.
Om
kritikken av fornorsking
Somme gjer narr av det å finne
norske avløysarord for omgrep vi låner inn i fremmend form. I grunnen
fortel dei negative reaksjonane om språkleg historieløyse.
Anglisismar
i norsk
Det
er ikkje rart om det kjem inn ord frå engelsk i norsk. Men det er uheldig
om bruk av engelske uttrykk er eit teikn på at ein ikkje kan ordleggje
seg på norsk, eller ikkje bryr seg med å prøve.
FORSKING:
Drag
frå nynorsken i NRK 1960-1999
Eg
listar opp språkfunn frå det materialet eg har analysert frå
nynorsken brukt i nyheitssendingar i NRK frå 1960 til 1998.
Dette er altså former som er brukte av journalistar med
nynorsk arbeidsspråk i NRK.
Språkdrag
i nyheitstekstar på nynorsk
For
å finne ut korleis nynorskjournalistar i NRK faktisk har
nytta nynorsken og sjå kva det kan fortelja oss, har eg
analysert radioinnslag frå tre periodar mellom 1960 og 1999.
Her er eit forenkla oversyn over materialet.
Framveksten av ei
nynorsk talenorm i norsk kringkasting
Nynorsken i NRK har røter i ein eldre nynorsk føredragstradisjon og i
pressespråket. Sia NRK-språket har skulla følgje norsk rettskriving,
har endringar i rettskrivingsreglane fått konsekvensar for den faktiske
bruken av språket. I tillegg kjem strømdrag som har påverka norsk språkpolitikk,
som motarbeiding av nynorsken i media og elles i samfunnet, og at det å
snakke dialekt offentleg sakte, men sikkert vart meir godtatt.
Klare standpunkt
som nynorskbrukarar
Journalistar som reknar seg som nynorskbrukarar i etermedia, har eit
tydeleg syn både på si eiga språklege rolle og på korleis nynorsken er
og bør vere. Dette syner ei undersøking der 186 journalistar i radio og
fjernsyn har svart på spørsmål knytte til språk, kultur og identitet.
Korleis
er det å bruke nynorsk?
Spør ein skuleelevar, kan svara vera svært
negative. Ikkje alle som har eit meir profesjonelt forhold til nynorsken,
er like fornøgde heller. Intervju med tolv NRK-medarbeidarar kan gje svar
på om det å bruke normert nynorsk er vanskeleg, om nynorsken strekk til
og korleis nynorsken kunne ha vorte endra...
Ikkje
kritisk, ikkje partisk, men sakleg
Både språket og innhaldet i radionyheitene er
sakleg, skal ein tru ei vurdering av ein nyheitsbulleteng i NRK radio.
Berre kvar femte spurde meinte framføringa var vennleg, ein knapp tredel
syntest ho verka autoritær.
Visst
forstår kvinner vanskelege ord!
I eit par tiår har det vore ei uomstridd (?)
sanning at kvinner forstår færre vanskelege ord nytta i nyheiter enn
menn. Ordet `prinsipiell` vart forstått av berre 13 prosent av kvinnene i
1978 - tjue år etter veit fire av fem kvinner kva ordet betyr. Medan menn
kryssa rett av på 84 prosent av orda i VON-undersøkinga i 1978, var
kvinnene nede på 72 prosent. Det er dei ikkje i dag, syner undersøkinga Kvinners
forståelse av vanskelige ord i nyhetene.
Folk
identifiserer seg med nynorsken
Om lag 200 spørjeskjema til tilsette i etermedia
som bruker nynorsk og nynorsknære talemål, syner at mange av dei
identifiserer seg sterkt med nynorsken. Målrørsla har mindre å seie. Ei
tilsvarande undersøking blant folk som nyttar bokmål, syner at merkbart
færre identitifiserer seg med bokmålet.
Aviser
på nynorsk
Dette er tittelen på ein rapport som amanuensis Øystein
Sande ved Høgskulen i Volda gav ut i desember 1999. Med denne
rapporten ønskjer Sande å gje eit innblikk i nynorsk avishistorie, som
kan skilte med bortimot 150 aviser.
SPRÅK I RADIO,
FJERNSYN OG PÅ NETTET:
Kva gjer radioen
med teksten?
Dette spørsmålet kan ha mange svar. Det som fyrst og fremst
kjenneteiknar radiomediet som kommunikasjonskanal, er at det er lyd som
ber formidlinga. Produksjonsforholda har sitt å seie, attåt reglar og
ikkje minst tradisjon.
Med
Ivar Aasen inn i cyberspace
Ungdommar frå Ørsta bruker bokmål når dei skal
prate med folk utabygdsfrå på nettet. Bruker dei nynorsk, blir dei
mobba. Folk frå det mest solide nynorsk-Noreg vel bort språket sitt for
ikkje å stikke seg ut. Fortel det om framtida for nynorsken i den
elektroniske verda?
Ordtilfanget
i det nynorske radio- og fjernsynsspråket
Lojalitet til nynorsken kan føre til at
etermediejournalistar som bruker nynorsk vel bort særeigne nynorskord.
Omsynet til publikum vinn ofte over nynorsknorma, mellom anna fordi
journalistane er flaska opp med at språket deira skal vera enkelt. Ordbøkene
er slett ikkje åleine om å avgjera kva for ord som er gangbare i
etermedienynorsken.
Normert
nynorsk i etermedia:
Når ein skal framføre skriftspråket nynorsk som
tale er det mange omsyn å ta. Nynorsken byggjer på målføra, har stor
valfriheit i rettskrivinga og ein svak, men streng tradisjon.
Litteraturlista til denne artikkelen kan vera nyttig om ein oppteken av
etermediespråk som fenomen eller normering av nynorsk. Og - for dei
spesielt interesserte: Her er ei skisse til rammer for forståing av og
forsking på nynorsk
etermediespråk.
"Når
skrift er tale" - om nynorsk i etermedia
15. mars 1999 begynte eg på eit treårig
rekrutteringsstipend i medievitskap ved Høgskulen i Volda. Namnet på
prosjektet er "Når skrift er tale", og emnet er enkelt sagt å
granske korfor nynorsken i etermedia blir som han blir, og korleis talt
nynorsk skil seg frå den skrivne. Undervegs kan nok arbeidet føre meg på
litt andre vegar enn denne presentasjonen viser.
Der
skoen trykkjer
Kor er det skoen trykkjer for folk som bruker
nynorsk i etermedia? Dei ømme punkta er ikkje berre knytt til påverkinga
frå bokmål, til ordforrådet og nynorskgrammatikken. Eg vil begynne der
eg kunne ha slutta, hos publikum.
MÅLFØRE:
Moldedialekt
før og no
Molde har vorte godt kjent gjennom Kjell Magne Bondevik og Kjell-Inge Røkke.
Men ingen av dei to moldekjendisane snakkar eigentleg moldedialekt. Karita
Bekkemellem Orheim er derimot ein god ambassadør for talemålet i Rosenes
by.
Talemålsutviklinga
i Noreg
Det er ikkje ei talemålsutvikling i landet vårt, men fleire. Over
heile riket ser vi endringar på ulike nivå - dei rører ved lydsystem og
uttale, grammatikk og bøyingsmønster, ordforråd og individuelle språkvanar.
Og det har vorte lettare å forme ein individuell språkleg identitet enn
det var før.
Liv
og død i ordforrådet
I Vågå lever dialekta, men dialektorda døyr. Unge
vagværar kan klare seg nesten utan dialektprega ord. Og det hjelper ikkje
å komma frå gard... Ei undersøking av overlevingsevna til ord skrivne
ned på 1700-talet, syner at stutte ord klarer seg godt i vågåmålet!
Kommunen
vil berge Toten-målet
"Å vara hæll itte vara totning - å vara hæll
itte vara i væla" kunne ungdom i Østre Toten skrive om som eitt av
tiltaka for å halde totenmålet levande. Dei fekk sjølve velja sjanger,
og målforma skulle såklart vera dialekt.
De
sa me - 1600 ord på 60 år
Det tok over seksti år frå dei fyrste orda i
"De sa me - ord og uttrykk frå Rødven etter Aase Hunnes"
vart skrivne ned og til dei siste orda kom med. Boka Aase Hunnes er
opphavskvinne for er så langt eg veit den største samlinga
dialektuttrykk frå Romsdal.
Ord
og ordoverleving i vågåmålet
Ein gudbrandsdøl veit kva 'Lugum' tyder. I ei
ordliste med ord frå vågåmålet frå siste halvdel av 1700-talet står
`lugum` skrivi med tydinga 'At være beqvem'. Her finn vi også uttrykket
'Klæva galin', som ikkje har noko med Kleva-gardane i Gausdal å gjera,
men med å vera 'Meget forlibt' - vill etter å komma seg på kleven,
soverommet ... Og adjektivet 'klevegalen' kan vel ha aktualitet i dag også.
Men blir det brukt?
SOSIOLINGVISTIKK:
Språk
og makt
Når maktsida til språket er viktig for
journalistar, har det minst to årsaker. For det fyrste skal vi få sjå
at vi gjennom språket blir utsett for og utøver makt, og for det andre
har dette faktisk med det overordna målet for media som den fjerde
statsmakt å gjere.
Klassikaren
Språk er makt
Den som har lese Språk er makt, kjem
iallfall til å hugse tittelen. Truleg kjem lesaren også til å komma i
hug noko av innhaldet. Sia samfunnsvitaren og psykologen Rolv Mikkel
Blakar gav ut boka i 1973, har ho komme i seks utgåver. Det seier noko om
kva for posisjon denne Pax-boka har fått.
Den norske språksituasjonen er ikkje så
spesiell som vi vil ha det til. Dette er eitt av dei manger poenga Olav
Randen vil ha fram med fakta- og debattboka Farvel til språkmangfaldet?
som han har gjeve ut på sitt eige forlag, Boksmia. Randen har samla
opplysningar om språkforholda ute i verda, med vekt på Europa. Han tek
oss med til land etter land i Europa, alle saman. Her er det mye
interessant for lek og lærd.
SMÅ SPRÅK:
Fare
for det maltesiske språket
Det maltesiske språket står i fare for å bli massakrert, meiner
undervisningsministeren på Malta. Den vesle øyrepublikken i Middelhavet
har om lag 375 000 innbyggjarar, og det er engelsk som held på å kvele
maltesisk.
Romaniatyskarane
gjev seg ikkje
I Sibiu i Romania bur det berre om lag 2500 med tysk som morsmål. Likevel
har byen tyskspråkleg ordførar. Det er vekeavisa Herrmannstädter
Zeitung som fortel dette. Også denne avisa er eit bevis på at den gamle,
tyske minoriteten i Romania ikkje forsvinn så lett.
Svensk
i Estland
I hundrevis av år har svensk vorte snakka i
Estland. Da andre verdskrigen braut ut, var det om lag 8000
estlandssvenskar i landet. Nå reknar ein med at det berre er att eit par
hundre som snakkar det gamle estlandssvenske språket. Men - ei ny
"svenskebølgje" er på veg.
Korfor
skriv finlandssvenskane dikt?
Finlandssvensk etterkrigslitteratur er prega av
borgarskap, kvinner og utkantområdet Österbotten. Språk
og identitet viser seg på ulike måtar i den finlandssvenske
prosadiktinga etter 1945. Og det er muleg språksituasjonen i
Finland har gjort dei svenskspråklege i landet så ivrige til å skrive
dikt.
Lulesamisk: Visste
du at det blir sendt på lulesamisk i norsk radio? Les om det her.
|
Integritet: Eit
vanskeleg journalistisk ideal
22
språkregler - med en humoristisk vri
Fem
kommareglar
NYE
RAPPORTAR: Svein Brurås om journalistar
og etikk, Paul Bjerke om dagens
partipresse
Juridisk
nynorskordliste: Juridisk språkbruk er vanskeleg
å ha med å gjere, og ofte er det ikkje lett å finne fram til dei beste
og klaraste nynorskorda når ein arbeider med slikt fagspråk. Denne
ordlista kan gje noko hjelp.
Radioordlista:
I radioarbeid har ein bruk for ord frå mange ulike
fagfelt; teknikk, musikk, data osv. Radiomediet har også faguttrykk som
det er åleine om. Her finn du kring 900 av dei.
Journalistisk
ordsamling: 130
ord frå journalistyrket er samla på Vestads vevstad. Orda er både av
det formelle slaget, som kolofon og heilformat, og meir
uformelle faguttrykk, som ta og skurk - for å nemne nokre.
Ord
og uttrykk i norsk radiojournalistikk
Det finst ei bok med 1150 oppslagsord knytt til
radiomediet og journalistikk.
Språkleg
toleranse
Det er ikkje noko nytt at det er strid om språk i Noreg. Rett som
det er får vi høyre at det er unødvendig med sidemål, at det er
for mykje nynorsk i media, og at det kostar å ha to målformer.
Språksituasjonen i Noreg er spesiell, men uroa kring språk har
parallellar i mange andre land. |
Ei
tale for nynorsken
I 1999 feira nynorsken eit lite og viktig jubileum.
I 1929 fekk nemleg målet Ivar Aasen arbeidde fram, namnet nynorsk.
Det er meir schwung over 'nynorsk' enn 'bokmål'. Det signaliserer
noko nytt og friskt.
FRAMFØRING OG
FORMIDLING:
Å
lesa er å fortelja
I etermedia er å lesa oftast det same som å
fortelja. Vi snakkar rett nok om nyheitsopplesar, om å lesa
frå manus osv, men i slike tilfelle er det tale om å fortelja ut frå
ein skriven tekst. Dei einaste som verkeleg les i radio og fjernsyn, er
folk som siterer skrivne tekstar.
Stemmebruk
for journalistar
Stemma vår fortel mye om oss. Ho kan fortelja kva
slags stemning vi er i, om vi er trøytte eller ikkje, om kjennskapen vår
til det vi snakkar om, engasjementet vårt - og sikkert meir. Stemma er uløyseleg
knytt til språket vårt, og til identiteten vår.
Språket
i radionyheitene Ein avisartikkel kan du lese om att, du kan stoppe
undervegs for å slå opp ord du ikkje forstår, og du kan la avisa kvile
i fanget medan du tenkjer over innhaldet. Ser du på fjernsynsnyheiter,
vil bilde og ord utfylle eller overlappe kvarandre. Radionyheitene er
heilt avhengige av det lyden kan formidle.
Kva
er begripelegheitsanalyse?
Begripelegheitsanalyse er eit emne som rører ved språk,
psykologi, journalistikk og mange andre emne. Dette er ikkje ein måte å
få fram korleis ein tekst blir oppfatta på, men kva det er som hemmar
eller fremmar tileigninga av ein tekst hos mottakarane.
Publikum
tenkjer ofte annleis
Bilde verkar sannare enn ord. Grafiske illustrasjonar
blir sett, men ofte ikkje forstått. Lesarar liker best enkel språkbruk,
men oppvurderer folk som skriv innfløkt. Publikum oppfattar ofte bruk av
bilde, grafiske element og byråkratspråk annleis enn ein skulle vente.
MEDIEUTVIKLING:
Den
digitale framtida blir ikkje som vi trur
For nokre år sia var det mye snakk om cyberspace og om virtual reality.
Eg var av dei mange som ikkje forsto så mye av det. Eit ord som
’cyberspace’ er nok framleis mest for dei spesielt interesserte, medan
’den virtuelle verkelegheita’ til og med blir omtalt på norsk i dag.
Språk
og identitet i kringkasting på nettet
Vi kan tenkje oss at ein digital medieelite meiner
at det er heilt naturleg og riktig å bruke engelsk i kringkasting til eit
norsk publikum. Vi ser alt no at intervju på engelsk ikkje ein gong blir
sette om, og i andre samanhengar opplever vi at også norske og nordiske
selskap vel engelsk som internt arbeidsspråk. Om vi ikkje er tospråklege,
blir vi det. Dette er eit innlegg frå seminaret 'Digital kringkasting'.
På
leit etter lyd
Lars Nyre forskar i radiomediet. Kva skjer mellom
det som blir sendt i radioen og lyttarane? Kva gjer radioen med lyttarane,
og omvendt? Dette er emnet for doktorgradsarbeidet til vossingen, som er både
skuffa over og fascinert av radiomediet.
Det
finst eit tak for mediebruken
Aviser og tv tapar ikkje terreng i talet på daglege
brukarar, men dei mistar tid. Samstundes aukar internett og tekst-tv
ganske markert. Trur du det er dei første teikna på tilspissing av
konkurransen mellom nye og gamle medium vi ser? Her er svaret mitt.
Har
radioen vorte eit privat medium?
Radioforskar Lars Nyre meiner at radioen i Noreg har
mista makta til å setje saker på dagsordenen. Radioen stettar riktignok
viktige behov for lyttarane, som eit sørvistilbod til kvar enkelt lyttar.
Ei "amerikanisering" er på gang.
Samkøyring
av teknologi og retorikk i NRK
Kringkastinga i Noreg har utvikla seg frå å vera
teknologi pluss retorikk eller journalistikk, til å bli ei uttrykksform
der desse er smelta saman. Kringkasting blir mindre ein
intellektuell aktivitet mellom gjennomtenkte talarar og merksame lyttarar,
og meir ein rutinemessig lydleg infrastruktur i samfunnet, meiner Lars
Nyre.
Blind makt i
journalistikken
Media har stor makt. Dei som er mektigaste på kort
sikt er riksavisene, NRK og TV2. Kvardagsdebatten heime i stova og
politikarane sine val vert bestemt av emne og vinklingar i desse
media. Dei som arbeider i redaksjonane har stor makt, skriv Lars Nyre.
LES
MEIR
SPRÅK OG INTERNETT:
Uttale av
internettadresser
Eg har vore internettbrukar sia 1995, og `krøllalfa` var det fyrste
namnet eg lærte for @. `Alfakrøll` hørte eg fyrst seinare, og fyrst i
1998 hørte eg nokon seia `ætt`, og at `ætt`skulle ha noko med
engelsk `at` å gjera, skjønte eg ikkje.
aa
eller a for å?
Gisle Rostvåg har eit problem - han har å i namnet sitt. Tradisjonelt
har `æ` vorte skrivi `ae`, `ø` òe`og `å`àa`. Slik er det ikkje
nødvendigvis lenger.
Korfor
heiter det heimeside?
Ordet heimeside oppstod ganske sikkert som ein teknisk allegori. No har
ordet kanskje også fått andre tydingar? Og det kan nok hende at ordet
har framtida attom seg, meiner Hallvard Østrem.
Drøft
språk på nettet
Internettet tilbyr gode mulegheiter til å lufte synspunkt på og skaffe
opplysningar om språk. For norske språkbrukarar er det særleg to
diskusjonsgrupper som er aktuelle, no.fag.spraak.diverse og no.fag.spraak.fagord.
MEDIEFAGLEG:
Grenser
mellom kommunikasjonsyrke
I journalistmiljøa har ein skritta opp grensene mellom journalistikk og
informasjon. I informasjonsbransjen ser det ut til å vere uklare grenser
mellom informasjonsverksemd i det offentlege og i ideelle organisasjonar på
den eine sida, og PR-byrå og "desinformasjonsbransjen" på den
andre sida.
"Rett
frå Volda"
Kva slags folk er det journalistutdanningane skal
uteksaminere? Somme studentar går med filmskaparar i magen, andre drømmer
om å skrive romanar. Journalistikk
eller kunst? handlar om forventningar, vonbrot, kunst og handverk i
journalistikk og journalistutdanning.
Kanskje
starta medieutdanninga i Volda for tidleg?
Det er journalisten og presten Gudmund Gjelsten som
spør. Han var med og sette i gang "media i Volda",
opplevde motbør frå venstreradikale studentar og kummerlege kår dei
fyrste åra.
Journalistisk
integritet
Integritet er av dei honnørorda journalistar gjerne
dreg fram når det høver seg slik. Ordet integritet er eit vanskeleg ord,
både å uttale - iallfall seint om kvelden - og å forstå. Det går an
å ha så mye integritet at ein blir over-etisk.
Smi
mens liket er varmt....
"Etter det jeg har hørt om journalistenes
arbeidsmetoder i forbindelse med drapet på Kristin i Hedrum, blir jeg
helt kvalm." Det skriv ein nabo i eit tankevekkjande brev.
Vær
varsom-plakaten - les han
her!
INDIA:
All
India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
I India er det to medium som gjeld, fjernsyn og avis.
Ingen av dei mediefolka eg møtte i landet sa dei brukte å høre på
radioen, men derimot uttalte dei seg temmeleg kritisk om All India Radio.
På fire veker hørte eg radio berre eit par gonger, men det kunne eg vel
ikkje fortelja radiodirektør Rao?
Vanskeleg,
men muleg å skrive kritisk i Kodagu Front
- Da vi ville skrive om ulovleg hogst, vart vi bodne
gratis tømmer. Vi skreiv, og mange mista arbeidet. Men det er ikkje lett
å skrive kritisk her, fortel G. Rajendra. Han er redaktør i den sørindiske
lokalavisa Kodagu Front, "The Newspaper with a difference".
I
hinduistavisa Hosadigantha
Avisa Hosadigantha ligg lengst ned i ein blindveg i
eit kaotisk industriområde rett nord for byen Mangalore i sørvest-India.
Etter at vi har kjørt forbi nedslitte bygningar og nokre kyr, kjem vi i
styrtregn til avishuset der Aravind Bijor er sjefredaktør. Her bruker
journalistane det meste av tida si på avskrifts- og omsetjingsarbeid.
Frå
frigjeringsmiddel til pengepresse
Mahatma Gandhi var journalist og redaktør for to
aviser. Nehru var også avisredaktør. I India har politikk og
journalistikk gått hand i hand, fortel Varadesh T. Hiregange. Han er
journalist i Deccan Herald, ei av dei store engelskspråklege avisene i
India. Hiregange meiner journalistikken i landet har utvikla seg frå å
vera eit verkemiddel i frigjeringa til å bli eit produkt.
Volda-Mangalore
1-1
Høgskulen i Volda har i fleire år samarbeidd med
Mangalore University i den sørvestindiske delstaten Karnataka.
Mitt
India: Bilde (med noko rot,
dessverre) + tekst om trafikk,
handel, Taj
Mahal, kaffi, politikk
Stadnamn
skapar også identitet
Namnegransking er som all anna forsking
inga enkel sak. Likevel blir det no lansert ein ny og forunderleg enkel
måte å dele inn namn på i boka Innføring i stadnamn av Peter
Hallaråker: eit skilje mellom enkle og vanskelege namn. I same boka blir
livsdraumen forklart som ein grunn til at folk ikkje vil bu på stader med
"stygge" namn.
Det
finst eit folkehøgskulespråk Etter å ha gått gjennom ein del brosjyrer frå
kristelege folkehøgskular, ser eg at dei same orda blir brukt om att og
om att. Det finst ein folkehøgskulesjargong, og folkehøgskulane må ha
vanskar med å skilja seg frå kvarandre.
Makt
og pressefrihet i tanzanianske medier
På seinsommeren 1998 drog Rune Møklebust og Gro
Elin Engen fra mediestudiet i Volda til Tanzania for å undersøke
maktforholda i pressa der. De besøkte mediebedrifter, intervjua
journalister, og analyserte stoff- og kildeutvalg i to av landets aviser.
Resultatet ble ei semesteroppgave som kaster lys over pressefriheten i
Tanzania, og forteller om tanzaniansk politikk og mediehistorie.
Gåvetips
for radiointeresserte
Dei siste åra er det gitt ut nokre små bøker som er veleigna som gåver
til folk om er opptekne av radiomediet.
Uventa
utfall i kritisk intervju
Ein kvinneleg journalist i National Public Radio i USA intervjua ein
general i US Army om at ei gutespeidartropp skulle besøkje eit militært
anlegg. Brått vart det stilt.
|